Biografi
Storesyster mi er to år
eldre enn meg.
Ho har Alzheimer, er på Institusjon,
når vi har med blomar, slengjer
ho dei i golvet.
Eg gjekk ikkje før
eg var to. Då eg var ni,
sa eg at eg skulle
bli lækjar, praktisere
ved Framdøra.
Eg begynte å skriva dikt
då eg var femtini.
Hadde eg fått eit liv til,
skulle eg
ha planta meir skog.
Eg undrast stadig over
korleis røtene til furutre
finn vatn i somrar utan regn.
Eg har tala med ein mann som var født i 1860.
Han ga meg ei bok om støvets historie.
Eg har ein Gritzner-sykkel
med pakkeberar. Eg er
så liten at du får med deg
det meste om du sit bakpå
og held meg kring livet.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent