Fjortande oktober 1954 skreiv forfattaren Stig Dagerman i notatboka si: «Månsken på kvällen; döden lekte i garaget». To veker seinare blei han funnen i same garasje, kvelt av eksos frå bilen. Ein 31 år gamal trebarnsfar, nyleg gift på ny med den bejubla skodespelarinna Anita Björk og allment sett på som den fremste forfattaren i sin generasjon.
Stig Dagerman ville ha fylt 100 år neste veke.