Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Terje Dragseths regnbueørret er ikkje lett å få tak på.

Det delte livet

Middag: Regnbueørret. Foto: Biodiversity Heritage Library/Flickr
Dikt

Terje Dragseth

Regnbueørret og kokt ris

Dikt

Cappelen Damm 2023, 71 sider

Det er alltid ein fare for at ein ikkje forstår. Terje Dragseth har publisert så merkelege, originale og steinbra diktsamlingar som «Kvitekråkas song» (2005) og «Bella Blu» (2013). Dette er breidt opplagde bøker, som på kvar sin måte nærmar seg det poetiske frå ein heilt uventa synsvinkel. «Kvitekråka» er prega av stygt språk, av småbjørkdominert krattskog og anna ein ikkje treng når det skal vera vakkert. «Bella blu» er eit romskip, med merkeleg besetning, på reise gjennom rommet på jakt etter nye planetar å plyndra.