I Morten Søndergaards dikting har biologien og språket alltid vore nært slekta og stått i samband med kvarandre. Og særleg med det vi kallar naturen: blomane og biene. Hans andre diktsamling, «Bier dør sovende» frå 1998, har ein eigen plass i mitt bibliotek, og eg har i det heile alltid vore betatt av Søndergaards evne til å la den fysiske, vakre, skitne, verkelege verda, med summande bier og poteter i jorda, trenge inn i poesien. Den fysiske tilgangen til språket, som om språket er bokstavar vi kan lukte, røre ved, stille oss framfor og flytte rundt på, er kanskje også ein grunn til at den poetiske praksisen hans har fått uttrykk i så mange og ulike former, frå det imponerande veggverket «Wall of dreams» – eit stort kollektivt dikt skrive med draumane til flyktningar, første gong utstilt og vist fram på lerret på Royal Festival Hall under Southbank Centres International og London Literature Festivals – til hans «Ordapotek», der han kombinerer medisin og grammatikk. Ein kan bestille verb og adverb på resept og skaffe seg eit fullt apotek med ordklassar i medisinøskjer.
Morten Søndergaard skriv dikt til ei verd som er i ferd med å forsvinne.
Kroppen og skrifta
Nordisk råd