I hundreåret fram til 1920 utvandra 800.000 nordmenn til Amerika. I den tidlegare storkommunen Bjørnør på Nord-Fosen i Trøndelag, var det så mange som halvparten av befolkninga som drog. For nokre år sia sette dramatikaren og regissøren Helena Wik, som sjølv er frå Roan, seg føre å skrive teater om dei som drog og dei som blei att. På bakgrunn av både forteljingar i hennar eigen familie og historiene frå Sigurd Brattgjerds fem-bands bygdebok «Bjørnørfolket» frå 1993, var det for fire år sia premiere på det som skulle vere første del av ein ambulerande trilogi.