Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

… at den amerikanske forfattaren Elizabeth Gilbert, som står bak kioskveltaren «Spis, elsk, lev», sjølv stoppar utgivinga av si nye bok. «The Snow Forest» er ein historisk roman frå Sibir, og det er nettopp den russiske settinga som har fått henne til å trekke i nødbremsen: Då Gilbert kunngjorde boka, hamna ho i ein storm av meldingar frå ukrainske lesarar som uttrykte «sinne, sorg, skuffelse og smerte», fortalde ho i ein video på Instagram. Avgjersla har sendt henne inn i ein ny storm, no frå forarga forfattarkollegaar: PEN America kallar henne «wrongheaded».