Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Engasjementet overtyder meir enn retorikken i ei bok om verdas gløymde humanitære kriser.

Spreier elden

Humanitær katastrofe: Redningsvestane til fleire tusen migrantar fyller stranda på Lesbos i Hellas i 2016. FOTO: Aris Messinis/Afp/NTB Scanpix

Lindis Hurum tok over som generalsekretær i den norske delen av Leger uten grenser i 2021. Før det hadde ho vore feltarbeidar i 15 år, så ho har sett mange av verdas verste humanitære kriser på nært hald. Det er lett å skjøne at det forandrar ein for alltid. I boka med den provoserande tittelen «Alle mennesker er ikke like mye verdt» fortel Hurum om kor frustrerande det er å kome heim frå hjelpearbeid til ein norsk offentleg samtale der dei same krisene blir ignorerte. Ho skildrar korleis empatiutmattinga kan kome krypande, men boka vitnar først og fremst om eit stadig brennande engasjement.