Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Russland

Må tone ned sigersfest

I år har ikkje Russland stort å feire på sigersdagen. Men militæret kan vere sterkt nok til å stå imot Ukraina sin motoffensiv, meiner forskar.

Sigersdans: Militære kadettar opptrer under øvinga til militærparaden på Palasstorget i St. Petersburg 7. mai 2023. Skrifta i bakgrunn tyder «siger» på russisk. Foto: Dmitri Lovetsky, AP Photo

I dag trommar Russland saman til si årlege feiring av den store «sigersdagen». Dagen markerer Sovjetunionen sin siger over Adolf Hitler og Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen.

Sigeren over Hitler er ein av dei største historiske bragdene i Russland. Dagen har derfor stor betydning, spesielt for eldre russarar.

Men i år må Russland avlyse og skalere ned fleire stader. På markeringa på den Raude plass i Moskva vil færre troppar enn normalt delta, og markeringa for veteranar og slektningar etter døde under den andre verdskrigen er avlyst av president Vladimir Putin.

Dette skjer etter fleire droneangrep på russisk territorium og medan frontlinjene i Ukraina er fastlåste.

Putins propagandaplan

President Putin har i det heile tatt få sigrar å feire, seier hovudforskar ved Forsvarets Forskningsinstitutt Tor Bukkvoll. Men Putin kjem til å late som.

– Den russiske verkelegheita blir definert av Kreml og gjennom tv. Putin kan ikkje feire nye sigrar, men han kan framstille det som har skjedd til no som ein siger, seier Bukkvoll.

Forskaren trur Putin vil seie at invasjonen av Ukraina har vore ein suksess.

– Han kan seie at «vårt mål heile tida har vore å forsvare våre folk i Donbas, og det har vi greidd». Han kan vri det heile om til noko positivt.

Den siste tida har Russland igjen sendt fleire missil og dronar mot den ukrainske hovudstaden Kyiv og andre byer i Ukraina.

Men Bukkvoll trur ikkje at Russland kjem til å bruke dagen til å gå til eit større angrep på Ukraina.

– Målet for våren var å ta kontroll over Donbas. Det greidde dei ikkje. Under mobiliseringa i haust verva dei truleg 300.000 og håpte det skulle vere nok til å ta kontroll. Det vil seie å ta resten av Donetsk, men dei manglar ein betydeleg del av fylket.

Ukraina bytte dato

Bukkvoll forklarar at sigersdagen tradisjonelt betyr mykje for alle landa som tilhøyrde Sovjetunionen. Tidlegare har også Ukraina markert sigeren over nazismen 9. mai. No flyttar dei markeringa til 8. mai. Det erklærte president Volodymyr Zelenskyj i ein tale i Kyiv i går.

I talen erklærte presidenten 9. mai for «europadagen», for å markere samhaldet for alle europearar som øydela nazismen og som vil kjempe mot «russismen».

«Dei russsiske styrkane går over til ein forsvarsmodus.»

Tor Bukkvoll, forskar ved Forsvarets forsvarsinstitutt

«Dessverre har vondskapen kome tilbake. Som den gong då vondskap storma til byane og landsbyane våre, som den gong då vondskapen drap vårt folk, gjer han det no. Sjølv om inntrengaren er ein annan, er målet det same», sa Zelenskyj i talen.

Skapar eit motnarrativ

Talen har fått stor internasjonal merksemd. Professor i historie ved Universitetet i Cardiff Sergej Radtsjenko kallar han for ein av dei meir imponerande talane til presidenten.

«Det er fascinerande for innsatsen for å ta tilbake arva etter den andre verdskrigen, å konstruere eit motnarrativ retta mot Russland», skriv han på Twitter.

Eit av dei viktigaste argumenta Kreml har for angrepet på Ukraina er nemleg at dei ønsker å verne det russiske folk mot det dei kallar den «ukrainske nazismen».

Bukkvoll meiner at Zelenskyj med dette trekket både ønsker å sende eit stikk til Russland og å distansere Ukraina ytterlegare frå landet.

– Ukraina vil distansere seg frå Russland på alle symbolske måtar. Frigjeringsdagen har betydd mykje for ukrainarar, fordi det også var mange ukrainarar som døydde i kampen mot nazismen, seier Bukkvoll.

– Går i forsvarsmodus

Kampen om kontroll over byen Bakhmut i Ukraina har vore ein av dei blodigaste til no, med fleire tusen dødsfall på begge sider. Ifølgje den ukrainske generalen Oleksandr Syrskyi vil Russland prøve å kapre byen denne uka.

Men Bukkvoll meiner mykje tyder på at russarane heller vil satse på å forsvare områda dei allereie har okkupert mot ein lenge varsla mot­offensiv frå Ukraina.

– No kjem ein motoffensiv, så det ser ut til at dei russiske styrkane går over til ein forsvarsmodus, seier sjef­forskaren.

Fredag truga sjefen i leigesoldatgruppa Wagner-gruppa Jevgenij Prigozjin med å trekke seg frå kampane i Bakhmut i Ukraina. Men søndag la han ut ei ny melding på Telegram om at dei vil halde fram med offensiven i Bakhmut, etter at dei blei lova meir våpen og ammunisjon.

– Det som blir spennande framover, er om Ukraina greier å ta nokon av områda tilbake. Den russiske militærmakta er nok ikkje sterk nok til å okkupere nye område, men ho er kanskje sterk nok stå imot dei ukrainske styrkane, seier Bukkvoll.