Cine Latino i Bergen: For dei som er så heldige å vera i Bergen, opnar Cine Latino-festivalen i dag. Av over 20 filmar er det heile ni norske premierar på nye filmar frå Latin-Amerika. Programmet spenner breitt frå komikk til politikk. Nokre regissørar kjem til festivalen, som Soledad Marambio, som i «About My Blood: An Essay About Menopause» fortel om fellesskapet mellom tre generasjonar kvinner – og dei som vart brende som hekser! GK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene