Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Braut reglar for aldersgrenser

Medietilsynet åtvarar TV 2

Medietilsynet har gjeve TV 2 åtvaring for å ha sett for låge aldersgrenser på fleire filmar og program. VGTV, Dagbladet og støymetenesta til Se og Hør, seher.no, får kvar si åtvaring for ikkje å ha sett aldersgrenser i det heile på program dei etter reglane skulle ha sett aldersgrenser på. Det er første gongen Medietilsynet sanksjonerer brot på reglane om aldersgrenser i biletprogramlova etter at lova tok til å gjelda i 2015. Hanne Nistad Sekkelsten i Medietilsynet seier i ei pressemelding at tilsynet «fleire gonger [har] vore i dialog med TV 2 om feil merking av aldersgrenser». VGTV, Dagbladet og Se & Hør får åtvaring fordi dei ikkje har merkt eller sett aldersgrenser på ein systematisk måte på programma sine. GK

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?