Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Møt meg ved morgengry» er ei på alle vis gåtefull framsyning, men likevel klok, velspela og svært attkjenneleg.

Gløym å forstå

I EITT: To litt ulike menneske (Ine Jansen og Ingjerd Egeberg) har vakse seg til ein einskap der dei går i eitt. FOTO: MAGNUS SKREDE

Møt meg ved morgengry

Teater Innlandet, Hamar

Av Zinnie Harris

Omsett av Jørgen Strickert

Regi: Terje Strømdahl

Scenografi og kostyme: Sveinung og Borghild Rudjord Unneland  

Med: Ine Jansen og Ingjerd Egeberg

Den britiske dramatikaren Zinnie Harris (f. 1973) har ein stor produksjon og mange prisar bak seg, men så vidt eg veit, er berre to av dramaa hennar sett opp i Norge. I ein samproduksjon med Nationaltheatret hadde Teater Innlandet i førre veke norgespremiere på «Møt meg ved morgengry» (Meet Me at Dawn) frå 2017. Det var ei gåtefull, varm, innsiktsfull, humoristisk og ikkje minst særs velspela framsyning.