Åste Dokka
En alvorlig lek. Å tenke teologisk
Prosa
Verbum 2022, 220 sider
Ein treng ikkje vere kristen for å vere samd i at ei religiøs tru kan gi noko som mange saknar i vår tid: Eksistensiell tryggleik i dogma, varme frå ein fellesskap, estetisk løftande ritual, nedarva visdom i bibelforteljingane og salmeskatten. Til dømes har den sveitsisk-britiske filosofen Alain de Botton skrive ei heil bok om dette: «Religion for Atheists» (2012). Fellesskapen rundt trua er eit hovudtema når teolog og aviskommentator Åste Dokka no har samla tidlegare publiserte og nokre nyskrivne tekstar under den flotte tittelen «En alvorlig lek. Å tenke teologisk». Ho ser på samfunn og kvardagsliv i lys av teologien – og omvendt. I ei avis er denne typen personlege og lærde epistlar det første eg kastar meg over. Men kor godt fungerer dei mellom stive permar?