Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Øystein Morten skriv godt om landskap og økonomi, svakare om skip og menneske.

Meir enn makt og ære

SJØFARARAR: Friskt vêr langs grønlandskysten rundt år 1000, måla av Carl Rasmussen i 1874. ILLUSTRASJON: WIKIMEDIA COMMONS
Sakprosa

Øystein Morten

Jakten på Eirik Raude

Sakprosa

Vigmostad Bjørke 2022, 368 sider

Eirik Raude var den store oppdagingsreisande som på 900-talet koloniserte Grønland, og far til første kvite mann i land i Amerika, Leiv Eiriksson. Saman dekte dei eit enormt område, men den norrøne overleveringa gjev få geografiske opplysningar.