Rebecca Donner
Vårt livs mange mørke dager. En amerikansk kvinne i hjertet av den tyske motstandskampen
Sakprosa
Omsett av Christian Rugstad
Forlaget Press 2022, 580 sider
Historia om Mildred Harnack er som eit eventyr, men utan lykkeleg slutt. Ho var fattigjenta frå Wisconsin som tok doktorgrad i litteratur, gifta seg med juristen Arvid Harnack og hamna i sentrum av sosietetslivet i Berlin på 1930-talet. Seinare vart ho ein av dei mest sentrale personane i motstandsgruppa som er kjent under det namnet Gestapo gav dei under etterforskinga – Rote Kapelle, det raude orkesteret. I 1943 vart ho dømt til døden og avretta med giljotin etter personleg instruks frå Hitler.