Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Historie: Mona Ringvej ser 1100-talet frå dronninga sitt perspektiv. Det gir overblikk.

Bak kongerekka

TETT PÅ: Ringvej skriv fram dei menneskelege kostnadane i maktkampene. FOTO: SPARTACUS

Noregshistoria blir som regel fortald konge for konge, ein framgangsmåte som uunngåeleg fører til trengsel og forvirring etter kvart som konkurrerande tronpretendentar kjem myldrande til. Historikar og forfattar Mona Ringvej har vald ein annan veg i «Dronning Ingerids land». Det er ei fint innbunden og passe lang bok, full av fagkunnskap og samtidig svært lettlesen. Utan å gje opp den kronologiske rekkefølgjen opnar ho for eit større perspektiv, eit vidstrekt nordisk landskap der det er rom for det meste. Alle som før har gått i ball med dei politiske forviklingane på 1100-talet, med Magnus Blinde, Sigurd Slembe, Harald Gille, Sigurd Munn, Inge Krokrygg, Øystein (utan tilnamn), Erling Skakke, Magnus Erlingsson og Sverre frå Færøyane snublande over einannan, kan endeleg få fullt overblikk, som over ein fotballbane. Likevel får me dei menneskelege kostnadene svært tett inn på livet, for kampen gjev så kortvarig siger og så rask død at det er klart at dei medverkande er fanga i eit spel.