Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dempa: Zeshan Shakar har skrive ein filmatisk roman om stigma og sakn.

Skrubbsvolten

Par som finn saman på tvers av store forskjellar har alltid representert håp for meg. Kjærleiken ser det unike mennesket bak etniske og kulturelle markørar, og bryt opp dei skarpe grensene mellom gruppene. Men det modige valet inneber eit eige sett påkjenningar. Møtet med uvande krav og normer hos partnar og svigerfamilie er éin sak, verre må det vere å støyte på dei lågaste instinkta i storsamfunnet. Ein skal vel vere blindt forelska for å gå frivillig inn i det. Slike ekteskap endar då også oftare i skilsmisse. Men ikkje alle kan tre ut av situasjonen: Barna må fint finne seg i å vere halvt om halvt resten av livet, fødde til rolla som brubyggjarar. Dette er posisjonen Zeshan Shakar skriv sin tredje roman frå.