Teateret Vårt feirar både seg sjølv og teateret som institusjon.
Teatret Vårt, Molde
Fritt etter William Shakespeare
Tekst og regi: Kjetil Bang-Hansen Scenografi og kostyme: Even Børsum Rørsleinstruksjon: André Moi Danielsen
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Pianist og arrangør: Per Christian Revholt
Med: Nils Vogt, Kim Haugen, Kirsten Hofseth, Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik, Kristoffer Egset, Eline Øverby og Sverre Røssummoen
Laurdag var det på dagen 50 år sia det nystarta regionteateret i Møre og Romsdal, Teatret Vårt, hadde si opningsframsyning i Ørsta. Det var med William Shakespeares forvekslingskomedie «Tvillingene» i regi av Kjetil Bang-Hansen. Då teateret nå skulle feire sine første femti år, fekk dei like godt Kjetil Bang-Hansen til å skrive og regissere ein ny versjon av den same komedien. Og i to av dei berande rollene var Nils Vogt og Kirsten Hofseth, som båe var med for femti år sia. Det er blitt ein lun, lågmælt og sjarmerande komedie, ei verdig markering av jubileet, og i tematikk også ei feiring av teateret som institusjon.