Høge ambisjonar kjenneteiknar Ole Johan Skjelbreids framsyning.
Trøndelag Teater, Studioscena
Etter Molière med fleire.
Regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred Scenografi og kostyme: Ane Ledang Aasheim
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Anders Schille
Med: Jo Saberniak, Joachim Joachimsen, Emma Caroline Deichmann, Per Bogstad Gulliksen, Christian Eidem og Synnøve Fossum Eriksen
Sia 2014 har regissøren Ole Johan Skjelbred nesten årleg fått setje opp framsyningar på Trøndelag Teater der han har hatt ganske frie taumar. Det har resultert i ei rekkje framifrå og delvis grensesprengjande produksjonar, frå «Moby Dick» i 2014 via «Brødrene Karamasov» og til «Bjertnæs, Lygre» i 2020. Nå er Skjelbred attende på Studioscena til Trøndelag Teater med «Don Juan».