TENKE SJÆL: Trygve Svensson, leiar for Tankesmia Agenda, meiner partia som ville byte ut Erna Solberg (H) med Jonas Gahr Støre (Ap), har mykje til felles. FOTO: GISLE ODDSTAD, VG/NTB Gisle Oddstad
Tankesmia Agenda vil ikkje lenger bruke tid på Venstre og KrF. Leiar i Agenda Trygve Svensson seier framtida for sentrum-venstresida ligg hos Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne.