Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT

Nordisk på kinotoppen

Nordiske kinoar har etterlyst nasjonale kioskveltarar for å dra publikum til lokalprodusert film etter pandemien. Ifølgje Nordisk Film- & TV-fond har bransjen levert som bestilt. I Danmark dominerer Henrik Ruben Genz’ biografi «Bamse», om musikaren Flemming Jørgensen. Ruben Östlunds Gullpalmevinnar «Triangle of Sadness» var Sveriges tredje mest besøkte film i premierehelga, i Finland har Mika Kaurismäki begeistra med ein gretten gammal bonde, og her til lands toppar «Krigsseileren» med totalt 103 546 besøk. GK

Build env: production, running in production mode, Sanity: production