Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Han Georg var finsleg

Det skulde bakast flatbrød i eldhuset, og det kom tvo bakstekjæringar or bygdi. Eg med hadde noko å gjera, eg skulde bera ved og leggje jamt på i eisa og halde takka høveleg varm for steikjingi. Tidt let eg meg binde av eldmyrja inne i eisa og stod på kne og såg koss den småkløyvde veden vart eten upp. I mine augo var bakstekjæringane gamle kvinnfolk, men det var dei nok ikkje, dei hadde runde sterke armar og kjevla snøgt ut flatbrødleivar og breidde dei ut på takka og laga varm steikjelukt i eldhuset, og dei skrasla og lo og fortalde. Ho som var gift med honom Gudmund fortalde at ho hadde lagt på seg i det siste, no var ho snart so drjug kring livet som då ho gifta seg, og då var ho mange månader på veg. Ho mintest og skratta høgt.