Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dagen etter at partileiaren la fram ny lakseskatt, organiserer Sp-ordførarar i Kyst-Noreg motstanden:

Grasrota kjemper for laks

VIL KJEMPE: Ordføraren i Senja har ikkje tenkt å gje opp kampen mot grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa. Her frå Husøy på Senja. FOTO: OLE MAGNUS RAPP Ole Magnus Rapp

SEIER NEI: Senterparti-ordførarar i Kyst-Noreg vil ikkje ha regjeringa sin lakseskatt. Dei vil lage ein samla front for å stogge partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Denne veka slapp regjeringa ein skattebombe: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la fram ein ny grunnrenteskatt på lakseoppdrettsnæringa. No fortel Vedum sine eigne ordførarar at dei jobbar på spreng for å stogge den nye skatten, og at dei ikkje har tenkt å gje opp.

– Vi sit akkurat no og jobbar med å få full oversikt over konsekvensane langs heile kysten, seier ordførar Tom-Rune Eliseussen (Sp) i laksekommunen Senja.

Han held fram:

– Og så må vi få samla ein felles front som kan få stoppa dette her. Det har vore stor møteverksemd både i dag og i går, så vi jobbar på spreng no.

Unison Sp-motstand

Klassekampen har ringt dei største oppdrettskommunane i landet. Elleve har ein ordførarar frå Arbeidarpartiet, fem frå Senterpartiet. Alle frå Sp stiller seg negative til den nye skatten.

Senja er den tredje største oppdrettskommunen i landet. Dei har både laksegigantar som Salmar og Mowi og mindre lokaleigde oppdrettarar som Nord-Senja Fisk AS.

– I Senja skal det kome opp mot 800 arbeidsplassar innan havbruk dei neste åra, og om denne skatten vert innført, er eg veldig bekymra for om dei arbeidsplassane i det heile teke vil kome, seier Eliseussen.

– Mange av desse bedriftene går med enorme overskot. Er det ikkje naturleg at storsamfunnet då hentar attende noko av fortenesta?

– Tilbakemeldinga frå næringa er at dei gjerne betalar skatt, og at dei ønskjer å bidra. Men dette forslaget er så inngripande at det ikkje går an å gjennomføre, seier Eliseussen og held fram:

– Det er ein svært inngripande skatt ovanfor eit lokalt næringsliv som byggjer lokalsamfunna, og vi som ein av dei aller største oppdrettskommunane i landet har rekna på det og meiner at vi vil sitje att med ganske lite.

Har ikkje trua på SV

Ein annan Senterparti-ordførar som jobbar mot lakseskatten, er Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp). Han seier at forslaget frå regjeringa kom ut av det blå, men at han ikkje har gitt opp å stogge det.

– Nei, vi har på ingen måte gitt opp dette her. Vi sit og grev i forslaget no for å få oversikt, for vi tenkjer at det er viktig å nå fram til regjeringa med dette før forhandlingane med SV. Vi trur ikkje at SV kjem til å hjelpe oss, for å seie det slik.

I Gulen oppdrettsselskapet Firda Sjøfarmer størst. Det er eigd av gründer Ola Braanaas, og omsette i fjor for nesten 1,4 milliardar kroner. Dei siste fem åra har selskapet med kring 75 tilsette hatt eit overskot før skatt på nesten ein milliard kroner.

Ordførar Oppedal vil likevel ikkje gå med på at dei bør betale grunnrenteskatt på den måten regjeringa no foreslår.

– Vi har lokale eigarar her i Gulen, og dei er veldig flinke til å pløye overskotet attende i bedriftene og attende i lokalsamfunna, seier han.

Arbeidarpartiet jublar

Arbeidarpartiet er det partiet som har desidert flest ordførarar blant dei største oppdrettskommunane. Der er stemninga ein heilt annan enn i Senterpartiet.

– Eg har vore førebudd på at det ville kome ei grunnrenteskatt på lakseoppdrett på eit tidspunkt, for det har vore diskutert lenge, seier ordførar i Kvinnherad Hilde Enstad frå Arbeidarpartiet.

– Eg tenkjer at det er naturleg at når dei selskapa brukar naturressursane våre, så betalar dei også for det. Slik er det jo og på vasskrafta, som vi og har mykje av her i kommunen, seier ho.

Også Mona Benjaminsen, som er ordførar for Ap i Karlsøy kommune, har forståing for forslaget frå regjeringa.

– Som ein kommune som har lagt til rette for havbruk, er vi positive til at regjeringa legg opp til skattlegging som skal gå attende til vertskommunane. Det er kostnadar knytt til slike etableringar, og det er også ofte ganske kontroversielle etableringar, seier ho og held fram:

– Vi er i ein tøff situasjon økonomiskl her i landet, med store ekstrakostnadar, og det er viktig at vi som samfunn jobbar for å sikre velferda for alle innbyggjarane og for å minske gapet mellom rike og fattige kommunar.