Magne Drangeid har delt denne artikkelen med deg.

«Den gylne drage» stadfestar at Maria Drangeid er ein regissør vi bør følgje nøye.

Ei tann i suppa

FASADE: Pastellfarger og smilande aktørar. Men det er utanpå. FOTO: MARIUS FISKUM
Marius Fiskumpost@mariusfiskum.no

Manglande kommunikasjon og menneskeleg nærleik presentert i ein velregissert svart komedie.

«Den gylne drage»

Hålogaland Teater, Scene Øst

Av: Roland Schimmelpfennig.

Omsett av Marianne Fischer

Regi: Maria Drangeid.

Scenografi og kostyme: Kaja Haven.

Komponist: Fredrik Storsveen.

Lysdesign: Ruben Westerli Johnsen.

Med: Frederic Molund, Christina Sleipnes, Iver Innset, Espen Mauno og Andrea Vik.

Menneska bur tettare på kvarandre, medan avstanden mellom oss blir større. Dette paradokset, og meir til, er tema i den vesle, svarte komedien «Den gylne drage» på Hålogaland Teater. Stykket er skrive av den tyske dramatikaren Roland Schimmelpfennig (f. 1967). Trass i at han er rekna blant dei fremste dramatikarane i heimlandet, er han lite spela i Norge.

«Den gylne drage» er namnet på ein thai-kina-vietnam-restaurant ein stad i Europa. På kjøkenet jobbar fem asiatar som alle truleg er papirlause. Vegg i vegg er det ein matvareforretning, og i etasjane over bur det eit titals personar samt ein maur og ei grashoppe(!).

I dette vesle universet der alle bur tett på kvarandre, men der kontakt og kommunikasjon er mangelvare, rullar Schimmelpfennig ut ein liten sosial roman i eit femtitals tablå, fragmentarisk og særs episodisk, men der det etter kvart syner seg at det meste likevel heng saman.

Scena er ei lita øy som på ganske stilisert vis kan illudere ei eng der det er både vekstar og insekt. Dei fem aktørane, som spelar 17 ulike roller, er alle på scena heile tida. Scenograf og kostymedesignar Kaja Haven har gitt dei pastellfarga kostyme, og nærast Barbieliknande uttrykk. Og når det opnar med at dei fem smilar innbydande til publikum, kan scenografiens glasuraktige overflate også gi inntrykk av ferniss og at dette handlar om å halde fasaden.

Vi får presentert eit ungt par og ein uønskt graviditet, ein bestefar opptatt av sitt, eit par i oppbrot, ein kolonialhandlar og to flyvertinner. Alle har sine historier, men sams er einsame liv i eigne bobler. Dei fem på kjøkenet har det likeins, men må i tillegg leve i løynd ettersom dei er papirlause.

Vi hoppar frå historie til historie, med ei mengd brot og der skodespelarane både spelar, fortel kva som skjer og seier fram scenetilvisingar. Navet i historiene er Lillegutt, ein kinesar som er i Europa for å leite etter syster si. Han har også tannverk, men som papirlaus er det uråd å oppsøkje tannlege. Kollegaene hans finn difor ei tang og trekkjer tanna som så diverre hamnar i suppa som blir servert den eine flyvertinna. Meir skal eg ikkje røpe anna enn at her også er islett av magisk realisme ettersom hòlet etter tanna er så stort at ein ser heilt ned til Kina og familien til Lillegutt.

Parallelt får vi også Æsops fabel om mauren og grashoppa som med luthersk moralisme fortel at du må arbeide for føda. Men så syner det seg at bak ligg ei langt meir alvorleg historie om menneskehandel og prostitusjon, og der vi også får ein indikasjon på kva som kan ha skjedd med systera til Lillegutt.

Regissør Maria Drangeid (f. 1989) var ferdigutdanna på regilina på Teaterhøgskolen i fjor, men har alt ein omfattande cv ettersom ho debuterte som skodespelar i Barne- og ungdomsteateret til Rogaland Teater før ho var ti år, og sia har gått gradane.

Men som profesjonell er dette berre hennar tredje produksjon. Den førre var «Sanger for bortkomne dager – og grønn tusj» på Trøndelag Teater i mars i år, ei særs leiken framsyning som også handla om einsame menneske. Men meir enn å fortelje ei historie, skapte Drangeid eit fantasifullt univers som på sitt eige vis ga oss historia.

Slik også med «Den gylne drage» der vi får innblikk i eit lite mikrokosmos og ei etter kvart brutal forteljing om globalisering, utbytting og dehumanisering, men fortald på eit kontrasterande, humoristisk og innsmigrande vis.

Dei fem på scena er særs fortrulege med innhaldet og leverer overtydande ensemblespel. Trass i alle dei ulike historiene, er det aldri vanskeleg å forstå kven som er kven. Fredrik Storsveen har skrive musikk som er minst like episodisk som oppsetjinga, og som på illustrerande vis er med på å skildre situasjonane og dei mange brota.

«Den gylne drage» er ein gjennomarbeidd svart komedie og oppsetjinga stadfestar til fulle at Maria Drangeid er ein regissør vi bør følgje nøye i åra som kjem.

Build env: production, running in production mode, Sanity: production