Vi kom til Barcelona som bleke, rike nordeuropeere, fulle av forventninger om fem gode dager med ungene i leiligheten til svigers. Tre timer seinere, etter at vi bare skulle ha en fatal pizza på promenaden på vei til stranda, sto vi svette, desperate og i badetøy og sandaler på en politistasjon i hovedgata La Rambla.
Syklande hekser i lause lufta
Rett ofte let eg meg provosera av korleis språket blir brukt i oslogatene. Nei, eg bryr meg ikkje om korleis folk snakkar. Men dei som har makt over trafikken snakkar til oss trafikantar heile tida, og til tider på plagsamt eller irriterande vis. Til dømes køyrer bussar rundt i gatene merka «Ikke i trafikk». Kva kan det bety? Dei køyrer da verkeleg rundt i gatene, oppfører seg i all hovudsak som andre bussar, og er så absolutt «i trafikk». Berre med dei unntaka at dei ikkje stoppar der andre bussar stoppar, og at vi ikkje får vita kor dei skal. Ikkje verdas største problem, men kva om det heller hadde stått «Ikke i rutetrafikk»?
Eit lite PS til dei rette vedkommande: Dersom de skulle få lyst til å ta i bruk mine gode tips om «rutetrafikk», reknar eg med at vi blir einige om konsulenthonoraret.