Good vibes only

Ho tek på seg grøne sandalar og påfører eit kraftig drag med blodraud Dior-leppestift. Rekk akkurat heimom for å sjå seg i spegelen, ta ein kjapp kattevask under armane. Faen! Den blå kjolen er framleis ikkje rein, ho må ha gløymt han i går, han ligg i ein haug med sveitt treningstøy. Ho hastar opp trappa for å leite etter den turkise kjolen som ligg brukt på senga, perfekt for anledninga, men oppdagar svære svetteringar, det luktar katt med kols, mannleg urinal. I staden vert det ein grå tights, kjøpt for trening, aldri brukt.