Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Avgjort spel på sporet

FØRSTEKLASSETOGET: Flytoget er freda frå konkurranseutsettinga. Det er korkje logisk, smart eller miljøbevisst, skriv forfattaren. © FOTO: OLE BERG RUSTEN/NTB Ole Berg-Rusten

Flytoget er føretrukken samarbeidspartnar hjå Jernbanedirektoratet i del to av «konkurransen» som måtte til for å «samle jernbanen» og «putte tannkremen tilbake i tuben». Det med tannkremen er eit sitat frå nokon i Høgre som ville fjerne NSB. Det er jo vanskeleg med statsbudsjett og greier, like greitt at ein får andre land til å ta seg av desse overskotspengane. Så kan ein lage skikkeleg topptunge og dyre administrasjonar for togpengane, slik at utdanna menneske har noko å gjere på.