Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Skulestart

Akkurat nå

Ein nybada kropp med ein stor sekk på ryggen ventar på at namnet hans skal bli lest opp. Seks år og tre månadar. Han har på seg T-skjorta han liker best, og har dratt kammen gjennom det lyse håret. På ein scene står ein mann i bunad og deler ut roser til dei små barna med dei store sekkane. Det er rektor. Han les opp namna, prøver å vera morosam og tar barna i handa. Så stiller dei seg på rekke og rad, plukkar litt på rosa dei har fått, og smiler når foreldre og føresette tar opp mobilane for å fotografera dei. Deretter går barna saman inn i klasserommet, der nokon har pynta med blomar og flagg og skrive velkommen med store bokstavar.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?