Jeg veit av en fyr som ikke kan å spille gitar.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Donde Va?
I dagOddvin Alfarnes, Nesttun
På latin heitte det Quo vadis? Viktig spørsmål. Henry Sienkiewitcz fekk nobelprisen i litteratur for romanen med det som tittel. Eg var på fjelltur i Hispaniola. Eg gav opp målet om Pico Duarte, det høgaste fjellet på øya – det blei sagt at ein trong utrustning og guide et cetera – så eg tok meg opp i åsane på eiga hand. Jungelen var tett, stien smalna. Eg hadde gått i fleire timar då eg så han, ein ung mann på muldyret sitt. Han såg nok ein forvilla turist i skogane sine, og spurde: Donde va? Då var det at eg brått forstod spansk. Eg mumla om agua og peikte på kartet, der det var avteikna eit vatn. Han sa ikkje meir, men dei to orda hans gjorde sitt til at eg snudde ikkje lenge etterpå.