Du kan bla til neste sideBla med piltastene

RAUD ALARM

Værre enn været i Værran kan værra!

«Om du ikkje har noko passande å seia, bør du halda deg til å kommentera vêret og vegane!» Denne formaninga får ei litt lausmunna ungjente av mor si i Jane Austens roman «Fornuft og følelser». Vel, the times they are a’changin, og ikkje berre til det betre eller meir sofistikerte. I dagens globale kulturkrigsklima ville eit slikt konversasjonsråd frå forelder til barn vore på grensa til omsorgssvikt. For finst det meir betente tema enn vêr og vegar? Berre spør svenske statsmetereologar i SVT. «Röda väderkartor hjärntvättar svenska folket, påstår moderata riksdagsledamöter», kunne vi lesa i fleire svenske aviser i sommar. Det har kanskje vore dødelege 40 varmegrader i London og nær 50 i Portugal og Spania, men å visa temperaturane med eit fargegradert vêrkart på tv er ideologisk massemanipulasjon! Og slikt vil svenske høgrepolitikarar ha ein slutt på. Eg åtvarar her og no om at mi raude line går rett framfor Bente Wahl og Terje Alsvik Walløe. Om nokon kryssar den, skal dei få meir enn konversasjonsråd! GK