Bindeledd

Mor mi og eg vitja slektningar i seks statar i USA i 1970. I Sioux City, Sør-Dakota, budde Anders i ein bustad for gamle. Han var 95 år og fortalde levande om oppveksten sin. Om foreldra som kom frå Stjørdalen og busette seg på jord dei hadde fått tilvist frå staten og som dei lokale innbyggarane, lakonaene, hadde hatt hevd på i all tid. Om slaget ved Wounded Knee i 1890. Om Sioux City Sue som var gifta inn i slekta. Om daglege konfliktar mellom nye og gamle busettarar då han var barn. Meir enn ein gong fekk mora stole brødet ut av omnen medan Andersguten, yngst av seks, låg under senga og mest ikkje pusta. Det låg ein fersk eim over forteljinga hans. Dette var ingen teikneserie. Dette hadde vore strev for tilværet på ramme alvor, med fattigdom, konfliktar, triumf og tap nok til mange filmar.