Blod og vatn

Ho sa det den trivelege eldre sjukesystri at eg kom til å mige litevetta blod dei fyrste dagane etterpå, og slik vart det. Eg fylgde med nedavendes. Stundom kom det blod, og stundom ikkje, og det blodet som kom, var stødt fyre migvatnet. Blod og mig blanda seg ikkje på veg ut. Det var tydeleg at blodet var tjukkare enn vatnet, tykte eg.