VENTER: Kyrkjeasylantane i Senja har ikkje vore utanfor dørene på åtte år. No ber dei Une om å få lov til å gå ut av kyrkja, medan dei ventar på nytt svar.
På snart åtte år har mor, far og dotter så vidt vore utanfor kyrkjedøra. Dei har ikkje besøkt venner eller gått på butikken. På åtte år har dei ikkje kunne gå ned til sjøen, eller sitte i graset.