ANALYSE: Ungdommer som avbryter eller ikke kommer i gang med videregående opplæring, skal få hjelp av oppfølgingstjenesten, men den siste tida har færre fått det. Årsaken til at 6000 færre ungdommer er i oppfølgingstjenesten er en økning i gjennomføringen av videregående opplæring og lavere årskull, ifølge Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratets tall er fra juni hvert år, og de viser at 20.161 ungdommer var i oppfølgingstjenesten i juni i 2012, og at 13.521 ungdommer var i oppfølgingstjenesten i samme måned i år. ©NTB
Gud, kva tyder no det igjen?
Frå crux til kors
Halvparten av dagens norske trur ikkje på Gud, melde avisene nyleg. I 2004, under eit foredrag for bispekollegiet om ord og vendingar i evangelia, stilte eg spørsmålet om dei visste kva ordet gud kom av? Eit ord som høyrest i kyrkjene kvar søndag. Ingen av biskopane våga seg frampå; dei visste truleg ikkje. Forklaringa? Kristne ord er menneskeskapte og har si fortid i heidensk språk. Gud (tysk Gott og engelsk God) har islendingane halde i hevd med gamal tyding, også etter at kristendommen vart innført. Ordet er godi, som var lovseiemannen på Alltinget. Den eldre germanske tydinga var «tilkalla», altså den ein kallar på når noko vanskeleg skal oppklarast eller ei konflikt skal løysast. Den latinbaserte kristendommen hadde lang tradisjon med Deus (i slekt med Zeus/Zevs, altså lys eller lyn), hebraisk hadde i over 3000 år nytta Jahwe, den «som er» – grunnordet var eksistens.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.