Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Drama i Barentsburg

Krigen i Ukraina kastar skugge heilt nord til Svalbard. I den russiske byen Barentsburg bur det opp mot 400 personar. To tredelar er ukrainarar, dei fleste frå Donbas-området. Vi treng ikkje store fantasien for å forstå kor vanskeleg det må vere å halda i hop her under Nordpolen. Barentsburg hausta inntekter frå reiselivet, men no har dei norske operatørane slutta å frakte folk til gruvebyen. Krigen svekkjer økonomien dramatisk, og pregar også livet i Longyarbyen.