Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tilflukt: Alejandro Zambra insisterer på litteratur som lidenskap.

Språkleg fordjuping

OPE TEMA: Chilenske Alejandro Zambra treffer både språksenteret og hjartet. FOTO FRÅ FORLAGET

Chilenske Alejandro Zambra begeistrar meg. Ikkje med gode historier eller overveldande innsikter, men med setningar som ved første blikk verkar enkle, men som har nærvær, presisjon og flyt. Fine formuleringar gir ei eiga glede, men det handlar også om korleis kvar setning står til alt som har gått før og alt som kjem etter. Den totale effekten lèt seg ikkje enkelt vise i eit kort sitat, men ta ein smakebit: «Det var jeg som stengte meg inne på lærertoalettet så fort jeg fikk sjansen, ikke for å gråte, men for å røyke, og røyking er en briljant og sensuell nytelse og alt det der, men noen ganger ligner det ganske mye på å gråte.»