Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Politikk utan filter

Etisk rådgjevar kasta ut av nr. 10. Kven? Kor?

Storbritannia er kjent for å ha verdas beste politiske satirikarar, og tv-seriar og show som «Javel, statsråd» og «Splitting Image» har skapt skole for resten av verda. Men kva skal folk som Armando Iannucci («The Thick of It») leva av, så lenge Boris Johnson styrer landet? Britisk regjeringspolitikk er no ferdig karikert. Ikkje berre har tidlegare sjefsrådgjevar og brexit-strateg Dominic Cummings pumpa britiske tabloidar fulle av lekkasjar om ukulturen i regjeringsadministrasjonen etter at han sjølv fekk sparken. Medlemmar i Det konservative partiet er også viljuge til å lekka kva som helst som kan skada deira eigen partileiar, anten det er referat frå bakromssamtalar om å tola «fulle gater» av covid-døde, eller festfoto av ein skålande Johnson under lockdown. Avsløringa av kostnadane med Carrie Johnsons totalrenovering av statsministerbustaden, og Boris’ eigne moglege lovnader om politisk hjelp til ein oppussingssponsor, har også lett nådd media.