Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mangel på kjærleik eller mangel på logikk?

Tysk krim lettar på luka

Alarm! «Tatort» er ikkje realistisk! Det kan det tyske magasinet Der Spiegel slå fast. Krimserien, som på norsk har namnet «Åsted», har gått på tysk tv sidan 1970, men først no tar det leiande nyhendemagasinet «realismedebatten».

Den tilsynelatande evigvarande politikrimmen har vore arbeidsplass for generasjonar av tyske skodespelarar og regissørar, og trass i (eller kanskje nettopp på grunn av) sin høge alder, ymse stilskifte og varierande kvalitet har «Tatort» også fått ein viss kultstatus (den venlegsinna parodien «How to Tatort» finst på Youtube).

I den pågåande sesongen har regissør Anne Zohra Berrached (mest kjent for det alvorlege abortdramaet «24 uker») skremt kritikarar og publikum med å la Bremen og Dresden bli dei titulære åstadane for psyko-skrekk ala «True Detective», med tilhøyrande myrda og maltrakterte kvinner og traumatiserte politietterforskarar, som har overlevd både mangel på kjærleik, omsorgssvikt og overgrep i barndommen. Kort sagt det tv-publikum liker å kosa seg med på kveldstid.

Der Spiegels kritikar går laus på sesong 50+ med same alvor som sesong éin og melder at korkje logikken eller krimmen står til truande: «Tatort følgde etterforskaren ned i personlege avgrunnar – og forsømte sjølve saka». Hm. Det lyd jo som malen for all moderne tv-krim, men «Tatort» tar kanskje sjangerinstruksen meir bokstavleg enn dei fleste? «Ut av det blå finn politikvinna ei luke i golvet eller ei dør til kjellaren, slik at ho kan trenga djupare ned i … mysteriet om barndommen [sin]».

Gje oss «Derrick» tilbake! GK