Dyrare mat og energi bidreg til at Danmark no opplever den største prisstiginga på nesten 40 år. Konsumprisindeksen i april viste ein auke på 6,7 prosent samanlikna med april i fjor, opplyser Danmarks Statistik. Sjeføkonom Jeppe Juul Borre i Arbejdernes Landsbank har rekna ut at ein barnefamilie skal bruke 30.000 fleire danske kroner for å halde oppe forbruket dei hadde for eit år sidan.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene