Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Idealisert: Kari Bøge skriv fram ei heltinne det er vanskeleg å tru på.

Terapeutisk ryddesjau

PÅ VEG UT: Kari Bøge skriv om Sara, som startar eit nytt liv i Danmark.FOTO: ADRIAN NIELSEN Adrian Nielsen
Roman

Kari Bøge

Om alt kunne slutte her

Roman

Aschehoug 2022, 504 sider

Kari Bøge har ein lang og rikhaldig forfattarskap bak seg, 26 bøker for ungdom og vaksne er lista opp i kolofonen til den aktuelle romanen «Om alt kunne slutte her». Når eg les om hennar mest kjende romanar, seksbindsverket om den «selvstendige og frihetssøkende» Vivian, for å sitere vaskesetelen, får eg inntrykk av at hovudpersonen i denne siste boka er smidd over same lest.