Blant det beste med å vera tilbake på kontoret er den vesle turen frå døra heime til jobb kvar morgon.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Å legge ein sint okse på ryggen
I dagOle Bjerke, Lillehammer
Far min var sterk. Eg hugsar at han ein gong – som sekstiåring – stod på e i hand inntil døra på vinterstuggu på setra heime. Ein annan gong la han ein sint okse på ryggen. Eg var ikkje født da og såg det ikkje. Eg har fått det fortalt av far. Eg har ikkje arva styrken hans. Som gutunge var eg lang og tynn. Av og til vart det sagt i kameratgjengen: «Detta må også vi greie, når han Ole greier det.» Ord kan ha ei farleg makt. Det skal ikkje til mange av dei for å setja djupe spor i eit barnesinn. Men berre tanken på ein sterk far kom som ei fin motkraft.