En konsertanmeldelse av publikum i tre deler.
Akkurat nå
Jada!
Me gjekk ned guto mot kyrkja. Det var ein gråkald vetredag under tunge skyer, ein dag til å frjose i, og eg kom i hug dei fyrste linone av diktet «Rampegutten» av William Blake (1757–1827) sett um av Georg Johannesen: «Jeg fryser bestandig i domkirken, mor – Men i kneipen på hjørnet fins lys på hvert bord ...» – Men Ulnes kyrkje tok imot oss med venleg ljos og varme, og me kjende oss velkomne i kyrkjeromet.