GASS: Olje- og energidepartementet gir leiteløyve til to nye CO2-lager under havbotnen, Smeaheia i Nordsjøen og Polaris i Barentshavet. Tildelinga for Nordsjøen går til Equinor, medan tildelinga for Barentshavet går til eit samarbeid mellom Equinor, Horisont Energi og Vår Energi, opplyser Olje- og energidepartementet i ei pressemelding. Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier målet er at norsk kontinentalsokkel skal behalde ei leiarrolle på fangst og lagring av CO2. – Eg er oppteken av å gjere attraktivt lagringsareal tilgjengeleg for selskap som har eit konkret lagringsbehov med basis i kommersiell næringsverksemd, seier han. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene