Gamalt riddarepos med assosiasjonsrikdom så det held.
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Lukas Bärfuss.
Omsett av: Øyvind Berg.
Regi: Mina Salehpour.
Scenografi: Andrea Wagner. Kostyme: Maria Anderski.
Komponist: Sandro Tajouri.
Lysdesign: Eivind Myren.
Med: Kenneth Homstad, Mira Dyrnes Askelund, Isak Holmen Sørensen, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Trond-Ove Skrødal og Wenche Strømdahl.
På 1200-talet forfatta Wolfram von Eschenbach eposet «Parsifal», om ein av kong Arthurs riddarar av det runde bord, og denne riddarens jakt på den heilage gral. På bakgrunn av same historia skreiv Richard Wagner operaen med same namn, uroppført i 1882. Og i 2010 kom ei ny utgåve av forteljinga, denne gong eit drama skrive av den sveitsiske dramatikaren Lukas Bärfuss. «Parsifal» blei urframført i Tyskland for tolv år sia, og er etter det ikkje blitt spela før Trøndelag Teater nå har sett det opp på Gamle scene.