Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kulturkamp: Som hemmeleg politi overvaka Stasi andre, i skrivegruppa dikta dei fram eigne løyndommar.

POESI OG POLITI

I ARKIVA: Eit bilete frå 2009 viser Stasi-arkivet. Sjølv 23 år etter murens fall, søkte meir enn 88.000 tyskarar om å få sjå mappa si. FOTO: JOHN MACDOUGALL, SCANPIX JOHN MACDOUGALL

I poesien er det alltid krig, hevda den russiske poeten Osip Mandelstam i «Vulgata. Nokre merknader om dikting». For han var diktinga ein kamp om meininga med orda, djupt nede i språket. Mandelstam skreiv dette i 1923, medan borgarkrigen raste rundt han. Under den kalde krigen nokre tiår seinare var poesien eit hemmeleg våpen som blei brukt politisk på begge sider av Jernteppet. Om ei ukjend og kuriøs frontlinje i denne kalde ordkrigen har den tysk-engelske forfattaren og The Guardian-journalisten Philip Oltermann skrive ei kort, lettlesen og samtidig veldokumentert og rikt anekdotisk bok. Om nokon skulle vera i tvil, stadfestar «The Stasi Poetry Circle» at innanfor feltet for media og massekommunikasjon var det kapitalistiske demokratiet sine folkedemokratiske motstandarar langt overlegen.