Klar for yoga? Ja, smilefjes, svarer eg. Etter i fleire år å ha lurt på om eg skal melda meg inn i eit treningssenter, har eg slått til på eit godt tilbod. Bindingstid tolv månader. No skal det trenast. Eg er på timekøyret. Med ei veninne trålar eg timar med instruktør. Droppar inn på core, cardio, pilates, yoga og cycling (eller sykling, som eg ville sagt).
Du kan bla til neste sideBla med piltastene