Sett og høyrt i Balestrand

Kjentmannen peika ut «Keisartroppi» for meg. Det var der keisar Wilhelm 2. stega upp på bryggja når han kom inn til Balestrand. Frå 1910 til 1914 la den tyske keisaren sumarsferdi til Balestrand, og han var tidt i land. Men um nætene svav han stødt um bord i skipet sitt, vert det sagt. Og der vart han nok heller ikkje uroa um det kom stimar med esesild som skulde upp i Esefjorden, den vesle fjordarmen like nord for Balestrand. Det har jamt vore godt fiske der.