Det er 28. februar 1986 og klokka er 23.20. Ein kald kveld i Stockholm. Termometeret viser -5 grader, men det er fredag etter lønning og mykje folk i gatene. Eit par i øvre mellomalder kryssar den breie boulevarden Sveavägen og held fram på fortauet på motsett side. Det er landets statsminister, Olof Palme, nyleg fylt 59 år, og hans kone Lisbet, barnepsykolog og nokre år yngre. Dei har vore på kino saman med yngstesonen og kjærasten hans. Statsministeren hadde tenkt å tilbringe kvelden heime og har difor gitt livvaktene fri. Kinobesøket var eit innfall. No skal dei spasere den dryge kilometeren heim til leilegheita.