Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi har truleg 25.000 ukjende artar

NATUR: Det er truleg 72.190 artar i Noreg, ifølgje Artsdatabanken. Per i dag kjenner vi 46.891 av desse. Det betyr at 25.299 artar – 35 prosent – står att å finne. Det kjem fram i rapporten Kunnskapsstatus for artsmangfaldet i Noreg, som vart lagt fram i går. Alle artsgrupper av såkalla eukaryote organismar er vurderte, medan mellom anna virus og bakteriar ikkje er med. Rapporten er utarbeidd av 56 fagekspertar, i hovudsak knytt til vitskaplege institusjonar, på oppdrag frå Artsdatabanken. Av dei påviste artane lever 8298 i havet, 4356 i ferskvatn og 34.237 på land. PS! Ekornet er ganske godt kjent.©NPK