Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svinnande håp: Før brystmelka kjem, har det ofte rent mykje blod.

Raude dagar

NÆR: Stine Fuglaas Bonsaksen brukar eit kvardagsleg språk. FOTO: GEIR MOGEN

Ordet «utskraping» fanga merksemda mi fordi eg ikkje visste kva det betydde. Eg sat i baksetet medan foreldra mine samtalte lågmælt i framsetet, og det var nok ikkje meininga at eg skulle høyre kva dei sa. Men noko med stemninga i bilen gjorde at ordet og situasjonen festa seg i minnet. Ikkje før eg var vaksen student skjøna eg kva som må ha skjedd etter at dei forsvann inn på sjukehuset og eg måtte vente i bilen – og at det heller ikkje var fyrste gongen.