Det var ingen gladmelding beboer i første etasje kom med: «Det er vann utover kjellergulvet». Og det var ikke tett sluk som var årsaken. Tvert imot, vannet kom opp gjennom sluket. Det betyr avløpsvann, også kalt kloakk.
Heim: Vinter med Arne Garborg.
DEN SÅRE STRIDEN
Det er sant at eg hadde ein Garborg som var min. Eg skapte han ut frå ulike bitar. Først og fremst ut frå nokre av romma han hadde levd i. Då eg var 16–17 år, hadde eg sommarjobb i Garborgheimen og Knudaheio på Jæren. Eg skulle ta imot inngangspengar, selja bøker, svara på spørsmål, visa turistane rundt. Eg las meg opp på årstal og anekdotar, «Fred» og «Haugtussa». Eg fekk god tid til å vera i desse to husa på eiga hand, og det er ingen tvil om at dei var ulike. Garborgheimen, barndomsheimen til Garborg, ligg lågt i landskapet. Det er eit vakkert jærhus, men det låg ei slags tyngd over romma. Det biletet eg oftast kjem tilbake til i tanken, er dette: Arne Garborg som ung gut, sitjande på kne framfor kista i finstova. Gøymt i kista hadde han bøker han på ulike vis hadde fått tak i. Han måtte lesa i skjul, for i denne heimen var det ikkje lov å lesa andre bøker enn Bibelen. Finstova blei ikkje varma opp til dagleg. Eg tenker på kor kalde hendene hans må ha blitt. Kor hardt det må ha vore med knea på tregolvet. Kor dårleg leselys han må ha hatt. Det er eit paradoksalt bilete. Den knelande guten i ei slags bøn, men ikkje til ein streng og dømmande gud. Det var litteraturen han vende seg mot – og gjennom litteraturen verda, som på ein eller annan måte må ha opna seg for han nede i den mørke kista.